Hopp til innhold

Nektar innsyn i TSR-rekneskap

Rådmannen i Vågsøy nektar innsyn i rekneskapen etter Tall Ships Races.

Tall Ships`Races i Måløy.

Rådmannen i Vågsøy held tilbake detaljar i rekneskapen.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Detaljane i pengebruken under festen i Måløy er framleis ukjende fordi kommunen ikkje har offentleggjort underpostar og vedlegg.

- Oversikta ville drukna

Rådmann Ørjan Raknes Forthun

Rådmannen nektar innsyn.

Foto: Håkon Eltvik / NRK

Kommunen har tapt 14.8 millionar på festhelga i august i fjor, men ifølgje rådmann Ørjan Raknes Forthun har dei ikkje planar om å offentleggjere detaljar om pengebruken.

- Viss vi skulle lagt fram alle enkelttransaksjonar så ville oversikta drukna i detaljar, seier Raknes Forthun.

Vågsøy kommune offentleggjorde denne veka økonomirapporten etter Tall Ships races.

- Må ha vedlegg

Men i dokumenta var berre hovudpostar i rekneskapen tekne med. Underpostar, vedlegg og detaljar om pengebruken er dermed framleis hemmelege.

Geir Oldeide

Geir Oldeide ynskjer innsyn i detaljar i rekneskapen etter Tall Ships-races.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kommunepolitikar i Vågsøy, Geir Oldeide i Raudt er frustrert over manglande innsyn.

- Det er vanskeleg. Vi har ikkje fått tilgang på grunnlagsmateriale. For at vi skal kunne gå inn å sjå på ting må vi nesten ha ut alle vedlegg og faktura, seier Oldeide.

Oldeide og partiet Raudt har også kontakta Økokrim om Tall Ships-tala.

Kontrollutvalet fekk innsyn

Ifølgje rådmann Ørjan Raknes Forthun har kontrollutvalet og revisoren fått detaljert innsyn.

- Geir Oldeide kan kome opp på kontoret mitt å få forklart samanhengen mellom enkelttransaksjonar og dei oversiktene som er laga til, seier Raknes Forthun.

Offentleg dokument

Men rådgjevar hos Fylkesmannen Kåre Træen seier at ein kvar som ynskjer detaljert innsyn i eit kommunalt rekneskap skal få det.

- Alle tala i eit kommunerekneskap er eit offentleg dokument. Viss ein etterspør detaljar til eit meir overordna rekneskap så skal ein ha moglegheit til å få dei, seier Træen.

Træen seier også at slike tal også skal kunne sendast ut, og at det ikkje skal vere slik at ein fysisk må vere saman med rådmannen for å få sjå tala

- Sjølvsagt vil det vere mogleg å skrive ut rekneskapet på kontonivå.

Kommunerevisjonen i Nordfjord har tidlegare sagt at dei meiner rekneskapen etter Tall Ships races er mangelfull .