Ulukka skjedde like utanfor Balestrand sentrum den 25. juli i fjor. Politiet meiner 20-åringen køyrde bilen, og har tiltalt han for aktlaust drap og promillekøyring.
I bilen sat tiltalte, broren og to jenter. Broren omkom, medan dei to jentene vart skada.
Forsvararen, Louis Anda, vil så tvil om provet for at klienten køyrde bilen, skriv bt.no.