Hopp til innhold

Nei til felling av bjørn

Fylkesmannen har sagt nei til ein søknad om fellingsløyve for bjørn i Fjærland.

Bjørn
Foto: Bjørn Lindahl AP/NTB Pluss

Det er funne seks kadaver og bjørnspor i bygda, men fylkesmiljøvernsjef Nils Erling Yndesdal seier grunnlaget for fellingsløyve ikkje var tilstades. Han seier bjørnen truleg er på vandring austover.

- Faren er over

- Det ser ut til at bjørnen no har trukke ut av området, og at det trass alt er eit avgrensa skadeomfang i Fjærland, seier Yndesdal. Han reknar med at det ikkje vil skje noko meir i dette området.

Fylkesmannen har også motteke ein søknad om fellingsløyve i Jostedalen, der det vart funne ein sau for få dagar sidan som truleg er drepen av bjørn.

- Førebels meiner vi dette er for lite til å gje fellingsløyve, men vi følgjer med på situasjonen og ser kva som skjer. Og vi har avtale med søkjaren om at vi ventar og ser om det skjer noko meir som kan gjere det aktuelt å gje fellingsløyve likevel, avsluttar Yndesdal.