NRK Meny
Normal

Naturvernforbundet kritisk til utbygging av Gjengedal kraftverk

Naturvernforbundet meiner utbygging av Gjengedal kraftverk er unødvendig.

 Erik Solheim og Rune Flatby

USAMDE OM KRAFTUTBYGGING: Erik Solheim som er rådgjevar i Naturvernforbundet og Rune Flatby som er avdelingsdirektør i konsesjonsavdelinga i Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.

Foto: MONTASJE: Bård Siem/Sarah Pierstorff / NRK

– Dette er ei naturøydelegging for å skaffe meir kraft som vi har så rikeleg av at prisane er pressa mykje lågare enn normalt. Vi ser på det som eit unødvendig skadeverk, seier Erik Solheim, rådgjevar i Naturvernforbundet.

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje SFE Produksjon AS løyve til å byggje og drive Gjengedal kraftverk i Gloppen kommune. Kraftverket vil produsere kring 143 GWh/år. Dette svarar til straumbruken til nærare 7150 husstandar.

Grunneigar stussar over kritikken

Naturvernforbundet syner til at Gjengedalsfossen har ein rik natur og ein naturtype som er kalla fosseberg og fosseng. Fossenga ved fossen har også den største kjende lokaliteten av Skoddemose, som står på den norske raudlista.

– Denne naturtypen er trua i vårt land og denne lokaliteten er av største verdi i nasjonal samanheng. Situasjonen for laksen i elva også høgst usikker, seier Solheim.

Nils Magne Gjengedal

GRUNNEIGAR: Nils Magne Gjengedal og andre grunneigarar i området tok kontakt med energiselskapet for å få til ei utbygging. – Det er forferdeleg for meg som bur her at nokon som sit på eit kontor langt vekke skal sjå på eit kart og fortelje meg at det er galskap å utnytte.

Foto: Truls Kleiven

Grunneigar Nils Magne Gjengedal ristar på hovudet over kritikken frå naturvernarane.

– Det er greitt å ta vare på naturmangfaldet, men eg lever ikkje av nokre mosedottar som skal ha vassprut. Vi må sjå på utvikling og aktivitet i området. SFE har fått pålegg om større vassføring, så desse mosedottane vil framleis vere her.

Stiller krav

For NVE set som krav at Storevatnet ikkje vert regulert i samband med bygginga. Dei har og lagt vekt på minstevassføring i si tilråding for å ta vare på den sårbare naturtypen.

–Vi meiner det akseptabelt ut ifrå miljøomsyn, men ein del sjeldne mose- og lavartar, vil kunne verte råka av denne utbygginga, seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i Noregs vassdrags- og energidirektorat, NVE.

Solheim er usamd.

– Slike avbøtande tiltak kan nok vera avbøtande, men i dette tilfellet er det i så liten grad at vi betraktar ikkje denne reduksjonen som hjelpande plaster på såret, seier Solheim.

Venta lenge

I SFE har dei venta lenge på innstillinga frå NVE. Ola Lingaas, som er konserndirektør for produksjon i SFE, seier innstillinga er som forventa, sjølv om dei ikkje er like begeistra for alle vilkåra frå NVE.

– I forhold til det vi har søk om så får vi 10 GWH mindre. Det betyr at får vi ikkje ein tilsvarande reduksjon på kostnadssida, så vert prosjektet dyrare. Men dette er ganske nytt og vi har difor ikkje fått rekna noko på det, seier Lingås.

– Kva seier du til Naturvernforbundet som ynskjer å stogge heile prosjektet?

– Vi er samde i at Vestlandet har flott vassdragsnatur, men vi meiner at dette prosjektet balanserer det å skaffe ny grøn energi og små miljøverknader, seier Lingaas.

Saka skal på høyring i kommune og fylkeskommune, før Olje- og energidepartementet tek endeleg avgjerd.