Frå då av skal trafikken i Sogn og Fjordane overvakast frå Bergen om natta. Men ganske tidleg, då planane om nattestenging blei kjende, kom det sterke reaksjonar - og Statens Vegvesen tok opp igjen saka til ny vurdering. Konklusjonen vart likevel den same.
Betent sak
Tillitsvald Terje Bolstad seier denne saka er for betent til at han vil kommentere den no. Heller ikkje lensmann Olav Teigen klarer å skjule at han er skuffa, og meiner dette vil føre til langt dårlegare tryggleik for dei vegfarande i Sogn og Fjordane.
- Same tryggleik
Men i Statens Vegvesen held dei fast på at det ikkje skal gå ut over tryggleiken når trafikken i Sogn og Fjordane frå våren 2005 skal overvakast frå Bergen.