NRK Meny
Normal

Nattefrost skaper nervar i morellhagen til Anders

Millionar av kroner står på spel når nattefrosten festar grepet i morellhagane i Lærdal. I natt fekk bonde Anders Voll Eltun uventa hjelp som truleg berga avlinga.

Anders Voll Eltun

KRITISK TID: Morellbonde Anders Voll Eltun tapte i fjor om lag 500.000 kroner på grunn av morellavling som blei øydelagd av nattefrost.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

I natt kraup temperaturen i den 14 mål store morellhagen til Anders Voll Eltun på Tønjum i Lærdal ned under minus to grader. Hadde det ikkje vore for den vesle dottera som vakna og ikkje fann smokken sin, kunne store avlingar ha blitt øydelagt.

Dottera blei berginga

– I går kveld skya det over, så eg tenkte at det ikkje kom til å bli nattefrost. Men då eg stod opp for å hjelpa minstejenta til å få sova att, var det blitt kaldare enn eg sette pris på, fortel Voll Eltun.

Morellbonden klarte ikkje å roa seg ned att, og i tretida køyrde han bort til hagen og drog ut plasttaka som skal hindra frostskader.

– Det blei truleg berginga. Eg har opna nokre morellblomar, og dei ser framleis friske ut.

Morelldyrkarar i Lærdal tek alle midlar i bruk for å unngå frostskadar.

Rekordsesong?

I Lærdal står fleire millionar kroner i morellomsetnad på spel i desse dagane.

– I fjor reknar me med at morellbøndene fekk øydelagt 100 tonn avling på grunn av nattefrost. Det svarar til fleire millionar kroner i tapt omsetnad. Så dette er alvorleg, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt, ei samanslutning av frukt- og grøntprodusentar i Lærdal.

Blaaflat Mundal ser føre seg ein ny ny rekordsesong for morellar, dersom bøndene greier å koma seg gjennom dei kritiske komande kaldnettene.

– Me reknar med å klara 250 tonn, dersom me har klaff på alle frontar, seier han og fortel at det i kveld kjem ein lastebil med 5000 morelltre, som skal plantast ut i hagane i Lærdal dei næraste dagane.

Harald Blaaflat Mundal

REKORDSESONG: – Dersom morellbøndene kjem seg velberga gjennom netter med nattefrost, reknar me med å klara 250 tonn morellar i 2015, seier Harald Blaaflat Mundal, dagleg leiar i Lærdal Grønt.

Foto: Noralv Pedersen / NRK

Plasttak og gassvarmar

Trass i ei rekkje tiltak mista Anders Voll Eltun i fjor åleine mellom åtte og ti tonn morellar på grunn av nattefrost. Plasttaka er difor dregne ut over morelltrea denne aprildagen.

Taka, som eigentleg blir trekte ut under innhaustinga for å hindra at morellane får vatn på seg og sprekk, er eitt av tiltaka bøndene i Lærdal gjer for å halda temperaturen oppe om natta.

Eltun har òg kjøpt ein gassvarmar, som skal blåsa varmluft 40-50 meter rundt i hagen. Dette skal få temperaturen i feltet til å stiga over den kritiske grensa på minus 1,7 grader. I tillegg vatnar nokre bønder morellblomane, slik at dei frys til is og gir frå seg varme og blir berga på den måten.

Men den avgjerande hjelpa i natt, fekk Eltun altså frå veslejenta i familien.

– Når eg skal henta henne i barnehagen, får eg prøva å forklara henne at ho har vore med og hjelpt til, og eg skal sjølvsagt takka for hjelpa, smiler den 36 år gamle pappaen.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser