Hopp til innhold

Her er narkomane Børre (42) i retten for 14. gong

Seks av ti innsette i norske fengsel har rusproblem. No ber dei narkomane om straff som fungerer.

Video Narkogjengangarar

SJÅ: Seks av ti fangar i norske fengsel er rusmisbrukarar.

I dag sat Børre Bredesen (42) frå Florø på tiltaltebenken i Fjordane tingrett for 14. gong.

For han er rusen eit uttrykk for problem og djup elende.

– Det er ganske pinleg å sitte på tiltalebenken igjen. Det er flaut og frustrerande. Men eg forstår at eg må ta straffa mi, seier Bredesen.

Får betre nettverk

42-åringen er tiltalt for vinningskriminalitet og for ei rekkje narkotikalovbrot. Det er berre eit år sidan han var i retten sist, tiltalt for det same.

Den gongen fekk han samfunnsstraff, men denne gongen vil aktor ha han i fengsel i åtte månader.

– Det einaste som kjem ut av det å sitte i fengsel, er at eg blir kjent med fleire i same miljø. Dessutan må eg starte på nytt igjen når eg kjem ut frå soning. Eg har nettopp kjøpt meg leilegheit og eg veit ikkje kva som skjer med den dersom eg må inn, seier Bredesen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Børre Bredesen i retten

FRUSTRERT: Børre Bredesen meiner det er frustrerande å vere i tingretten nok ein gong.

Foto: NRK

– Ein sjukdom

Han meiner bot eller fengselsstraff er ei ekstra belastning for dei narkomane, og ikkje ein veg ut av problema. Og han får også støtte frå andre i miljøet.

– Det blir ikkje betring i Norge før politikarane innser at narkomani er ei sjukdom, seier «Per» som har vore rusmisbrukar i nesten 20 år.

Han vil skjerme familien og vil difor ikkje stå fram med namn og bilete. Heller ikkje forsvararen til Børre Bredesen, Snorre Seim, trur fengsel er det rette:

– Det er ein oppbevaringsanstalt og forverrar situasjonen for dei narkomane i mange tilfelle, seier Seim.

Seks av ti

Minst 60 prosent av dei som sit i fengsel har eit rusproblem. Eit narkotikaprogram med domstolkontroll har vore vellukka prøveprosjekt i Bergen og Oslo siste fem åra.

Rusmisbrukarar kan i dei to største byane i landet dømmast til soning i fridom under kontroll og oppfølging.

I Bergen har dei gode erfaringar med tilbodet. Til no har domstolane i byen dømt 74 kriminelle rusmisbrukarar til denne type soning.

4 av 10 har fullført eller er i ferd med å fullføre programmet. Men programmet er ikkje utvida til andre delar av landet, noko sorenskrivar Terje Mowatt i Fjordane tingrett meiner er ei feil prioritering.

(Artikkelen held fram under artikkelen)

Terje Mowatt

SORENSKRIVAR: Terje Mowatt.

Foto: NRK

Utvida ordning

Mowatt møter kriminelle rusmisbrukarar i jobben sin nesten kvar einaste dag. Rettssapparatet blir fylt opp med narkotikasaker. I fjor var talet langt over 45.000 saker, mot 2000 saker i 1980.

Sorenskrivaren trur heller ikkje fensel er der rette for å hjelpe dei narkomane ut av misbruk og kriminalitet. Han skulle ynskje at regjeringa utvida prøveordninga frå Bergen og Oslo.

Terje Moland Pedersen

EVAULERE: Terje Moland Pedersen.

Foto: Per Onsheim / NRK

– Det er skuffande at dei ikkje prøvar dette ut også i distrikta. Her kan ein få andre erfaringar enn i dei store byane. Men det handlar vel om pengar, seier Mowatt.

– Må evaluere

Statssekretær Terje Moland Pedersen vil ikkje utvide ordninga med det første:

– Vi må evaluere prøveordninga først. Og vi må danne oss eit grunnlag før vi kan evaluere den. Ordninga i Bergen og Oslo vil halde fram til år 2014. Men vi ønskjer å utvide dette til heile landet på sikt, seier Moland Pedersen.