Saman med ei venninne hadde ho vore på IKEA-handel, og klokka var godt over midnatt då dei nærma seg heimkommunen. Det var venninna som oppdaga at det var noko framandt med kommuneskiltet i Markane.
– Ho ropte til, og då fann vi ut at vi måtta snu og køyre tilbake for å sjekke om ho hadde sett syner. Men der stod det Namsos kommune. Vi tok i skiltet for å sjekke at det var ordentlege greier, og det var det.
Truleg er det folk med sans for practical jokes som har vore ein tur i Nord-Trøndelag og skrudd ned kommuneskiltet til Namsos og teke det med til Hornindal.
Utpå laurdagen vart Namsos-skiltet fjerna, men kvar Hornindal-skiltet er blitt av er enno uvisst. Kanskje det nett no er plassert ein stad på Sørlandet, undrast Connie Steffenakk Bakke.