Namnet frigitt etter dødsbrann

Politiet har frigitt namnet på mannen som omkom i hyttebrannen i Innvik måndag.

Hyttebrann i Innvik
Foto: Jan Ivar Vik

Det var den 68 år gamle Bård Mardal som omkom i hyttebrannen i Innvik måndag denne veka.

Politiet meiner brannen truleg har starta i nærleiken soverommet som ligg i den delen av hytta som er mest utbrend.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til brannen.