NRK Meny
Normal

Nærtenesten i Florø er «Årets vekstbedrift»

Nærtenesta AS i Florø er kåra til Årets vekstbedrift og får 50.000 kroner.

Nærtenesten i Florø

STOLTE PRISVINNARAR: Driftskoordinator Benedikte Ulriksen, rettleiar Olav Midtbø, dagleg leiar Torleif Hjermann.

Foto: Stein Aase / NRK

– Eg tykkjer det er flott at vi fekk denne prisen, seier Trond Høydal.

I 26 år har Høydal hatt arbeidsplassen sin i Nærtenesten i Florø.

– Eg byrja i 1989, og trivest svært godt i jobben, seier Høydal, før han legg ut på dagens runde med søppeltømming.

Trond Høydal

HELD FLORØ REINT: Trond Høydal har jobba 26 år i Nærtenesten.

Foto: Stein Aase / NRK

Hjelper folk inn i arbeidslivet

Nærtenesta i Florø er ei såkalla vekstbedrift. Vekstbedrifter hjelper folk inn i arbeidslivet, og Krokane får heider fordi dei er nytenkande og inspirerande. Prisen går kvart år til to av dei 220 medlemsbedriftene. I år deler Krokane æra med Dalpro i Trøndelag.

– Vi er ein arbeidsstad for folk som er uføretrygda. Dei har trygda i botn og får bonuslønn på toppen seier Torleif Hjermann, som er dagleg leiar for Nærtenesten AS i Florø.

I alt 15 personar har sitt daglege arbeid hjå Nærtenesten AS

– Dette er eit tilbod med varig tilrettelagt arbeid for dei som jobbar. På denne måten får dei delta i produksjon og utvikle seg. Nokre går også ut i det ordinære arbeidslivet etter nokre år. Det viktigaste er at dei har ein jobb å gå til kvar dag, og at det er langsiktig, seier Hjermann.

Dan Fredheim og Hilmar André Ølnes

VARMAR FLORØVÆRINGANE: Dan Fredheim og Hilmar André Ølnes sørger for ved til dei som ynskjer det i Florø.

Foto: Stein Aase / NRK

Allsidig verksemd

Nærtenesta i Florø driv innan ein rekke ulike bransjar. Det spenner frå bruktbutikk til anleggsgartnar, renovasjon og transport for å nemne noko. Dan Fredheim jobbar med vedproduksjon.

– Dette er ein fin jobb. Når folk ringer og spør etter ved, så er vi på plass med ein gong, seier Fredheim.

Han er også ein veteranane, med 25–26 år bak seg i Nærtenesten.

Viktig anerkjenning

– Kåringa betyr veldig mykje for oss, og er ei anerkjenning av det vi har fått til, seier Hjermann.

– Tilrettelegging og innovasjon var stikkorda frå dei som har gitt dykk prisen?

– Det betyr at NAV og vi har klart å finne praktiske løysingar på dei meir generelle problema som ligg i arbeidet til NAV. Det er lett å ha ei NAV-reform og tankar om kva det skal vere, men vi har klart å omsette det i praksis, seier Hjermann.

.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.