- Eg stod og kvilte i ein gamal fjøs då det plutseleg gjekk eit stort ras som tok deler av bygningen, seier Distad.
Raset gjekk i Jorddalsdalen i Fjærland, tre kilometerfrå skulen. Raset tok med seg 20 rundballar og deler av gamle-fjøsen, fortel Noralv Distad. Han var ute og såg etter hjort då han plutseleg hamna midt i rasområdet.
- Raset kom rett mot meg
- Det har kome litt nysnø dei siste dagane og eg trur raset har losna på toppen av fjellet. Det kom eit stort jordras med stein og tre rett mot meg. Eg lurte på kva eg skulle gjere, og bestemte meg for å springe heimover. Eg gøymte meg bak ein stor stein og såg at raset gjekk berre 50 meter unna, seier Distad.
Distad har ikkje våga seg inn att i rasområdet, men såg at rundballane for i elva, og at eit stort område no er dekka av stein og snø.