Hopp til innhold

Nær flykollisjonar ved Sogndal

Tre gonger i løpet av nokre veker har seks fly frå Widerøe vore på kollisjonskurs under innflyging til Sogndal lufthamn.

Men ved alle tre episodane vart faren for kollisjon oppdaga tidsnok til at flya fekk manøvrert unna og endra kurs, skriv Bergens Tidende.

Statens havarikommisjon for transport ser alvorleg på dei tre hendingane som skjedde våren og sommaren i fjor.

Skulle lande samstundes

Rapporten frå havarikommisjonen omhandlar berre den første episoden som skjedde nokre få kilometer frå rullebana på Haukåsen 26. mai i fjor. To fly frå Widerøe skulle lande omtrent samstundes. Det eine kom frå Ørsta/Volda, medan det andre kom frå Sandane. Flya valde kvar sin innflygingsprosedyre, og enda dermed på kollisjonskurs. 26. juni og 5. juli same året skjedde det same.

Har endra rutinane

Havariinspektør Torfinn Horn seier nestenkollisjonane skuldast at Widerøe endra innflygingsprosedyrane kort tid i førevegen. I den aktuelle perioden var difor både den gamle og nye prosedyren i bruk då fly skulle lande.

Widerøe har no endra innflygingsprosedyrane for å unngå farlege episodar mellom fly på veg inn til landing.