Hopp til innhold

Så nær bustadhus tende ein mann bål - fire personar evakuert

Fire personar vart evakuerte etter branntillaup i Florø natt til søndag. Ein mann i 30-åra er pågripen og mistenkt i saka.

Brann bål utanfor hus

TENDE BÅL LIKE UTANFOR BUSTADHUS; Så nær bordkledningen på eit bustadhus tende ein mann i 30-åra bål i natt. Mannen sit i arrest og blir avhøyrd av politiet.

Foto: Truls Kleiven

Naudetatane rykte ut i 02-tida etter melding om brann utanfor ein kommunal bustad i Gaddevegen.

Dei første opplysningane på politiloggen kunne indikere at bygget var sett fyr på frå utsida. Det viser seg å handle om eit bål svært tett inntil huset.

- Det brann i noko som låg rett utanfor huset. Det vart røyk i leilegheitene, opplyser operasjonsleiar Wenke Hope ved Sogn og Fjordane politidistrikt.

Mann pågripen

Brannen var sløkt etter nokre få minuttar. Huset vart undersøkt av røykdykkarar før bebuarane kunne ta huset i bruk att. Det er førebels uklart kor langt frå huset bålet var fyrt opp, men det skal ikkje ha byrja å brenne i sjølve huset.

Ein rusa mann i 30-åra vart pågripen i 03-tida. Han er ein såkalla kjenning av politiet og mistenkt for å ha fyrt opp bålet. Ingen vart skadde i brannen.

- Mannen skal sitje i arrest til han er avhøyrd. Politiet vil gjere nye undersøkingar på staden på dagtid, seier Hope. I tillegg skal dei fire i bustaden avhøyrast før det vert tatt stilling til kva som skjer med mannen.

Ingen vart skadde

Fire personar vart evakuerte i brannen. Ein vart undersøkt av lege på staden.

- Brannalarmen gjekk, slik at dei fleste kom seg ut sjølve. Brannmannskap måtte hente ut eine bebuaren, opplyser vaktoperatør, opplyser Jan Gunnar Holvik ved Brannalarmsentralen i Florø.

- Var det fare for at brannen kunne smitta inn på huset?

- Det er det alltid når ein brenn bål. Det var slik at det kom røyk inn i bygget.