Morten Wigum. Arkivfoto NRK
Jotun Årdalstangen FK kjempar ein desperat kamp for å overleve i 2. divisjon fotball. I helga tapte laget 1-0 mot opprykkskandidat Haugesund, og tapet er eitt av mange der marginane har vore imot årdølene. Manglande rutine er ei av årsakene til den den lite hyggjelege statistikken, meinar JÅFK-trenar Morten Wigum. - Vi har bytt ut stort sett heile forsvarsrekka frå i fjor, og dei nye treng tid og erfaring i å konkurrere på dette nivået, og eg håpar marginane vil vere med oss og ikkje mkot oss i dei fire siste kampane, seier han.
Mange tapte poeng i sluttminutta
I sju av dei siste 10 kampane har Jotun Årdalstangen tapt poeng fordi motstandaren har utlikna eller skåra eitt mål meir enn årdølene, og poengtapa har ofte kome mot slutten av kampane.
Ikkje svakare fysisk
For tre veker sidan utlikna Sandnes Ulf JÅFK si tomålsleiing på overtid. Tabelltrear Flekkerøy stakk av med alle tre poenga etter skåring fire minutt på overtid. For seks serierundar sidan stakk nedrykksrival Ålgård av med eitt viktig poeng etter å ha utlikna JÅFK si tomålsleiing åtte minutt før slutt. Sogningen Henrik Salveson skåra i siste minuttet då Hovding stakk av med alle poenga, men Morten Wigum trur likevel ikkje det er den fysiske forma som er svakare hjå årdølene enn hjå motstandarane. - Spelarane gir ikkje inntrykk av å vere trøytte, men det snik seg inn ein tanke om å forsvare det poenget eller dei poenga du har i staden for å angripe og kanskje avgjere kampen på slutten, seier trenaren.
Trur på stang inn
Motgangen i haust har plassert Jotun Årdalstangen nest sist på tabellen før dei siste fire kampane. Men det er berre berre eitt poeng opp til sikker plass, og JÅFK-trenaren håpar spelarane tek med seg det positive frå dei siste tre kampane der laget spelemessig har vore på høgde med motstandarane, og at stang ut vil bli stang inn. - Det slit i lengden å ha marginane mot seg, men samstundes er det ei det ei utfordring å kome seg ut av ein slik periode. Og greier vi det med det laget vi har med såpass mange unge spelarar, så vil vi skaffe oss ein erfaring og ein plattform som er god å ha vidare, seier Wigum.
Siste kampen kan bli avgjerande
Jotun Årdalstangen har att Åsane, Fana, Brann 2 og Klepp. - Åsane er på trygg grunn, Fana vil truleg og vere på trygg grunn når vi møter dei, og kampen mot Brann 2 i Bergen blir ein svært viktig kamp. Den aller siste kampen heime mot Klepp håpar eg blir den kampen som avgjer at vi blir verande i 2. divisjon, seier JÅFK-trenar Morten Wigum.