Mykje kø framleis

Statens vegvesen opplyser til NRK at det enno kan ta fleire timar før ventetida går nedover på ferjesambandet mellom Mannheller og Fodnes. Statens vegvesen rapporterer at ventetida er på om lag 40 minutt. NRK har fått tips om at ventetida kan vere enda lenger på somme avgangar.

Kø, Mannheller-Fodnes-ferja
Foto: NRK-tipsar