Hopp til innhold

Dagmar knakk 3-4 år med hogst

Skog tilsvarande 3 til 4 års normal hogst knekte saman under orkanen i romjula i Sogn og Fjordane.

Skog over linja på veg til Veitastrond

MYKJE KAN BLI LIGGANDE: Fleire plassar er tømmeret så vanskeleg å hente ut at det truleg vert liggande.

Foto: Anders Molland

Totalt vart omlag 700.000 kvadratmeter skog rive ned av orkanen. Mellom 150.000 og 200.000 av dei er her i fylket.

Mange år med hogst

– Det er eit stort volum, seier disponent i Sogn og Fjordane Skogeigarlag Atle Gimmestad.

– Er de overraska over omfanget?

– Ein lar seg ikkje overraske over noko lengre, seier Gimmestad.

Vanskeleg å drive ut

Også i resten av landet har store områder med skog fått hard medfart. Problema med å få noko ut av hogsten er likevel størst på Vestlandet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rydding av skog langs telelinjene

OMFATTANDE ARBEID

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Årsaken er at skogen ikkje er så lett tilgjengeleg, driftsapparatet er lite utbygd og kun 10 prosent av skogeigarane har forsikring.

Han er usikker på kor mykje som vert henta ned, særleg med omsyn til at forsikringsordninga ikkje lenger er så gunstig som etter nyttårsorkanen i 1992.

Då dekka Naturskadefondet kostnadane med å hente ut det potensielle tømmeret.

– Svært mykje er endra sidan då. Vi lurar sjølve på kor mykje av tømmeret som vert henta ut, seier Gimmestad

Blir liggande i skogen

Gimmestad seier mykje tømmer kan bli liggande att i skogen.

– Det er heilt klart at noko av tømmeret vert liggande att, fordi mange plassar så er det skadar i form av små grupper av tre. I tillegg vil tømmeret som er veldig vanskeleg tilgjengeleg bli liggande.

– Det er uheldig. Det er eit tap av tømmer som dei ikkje får selt eller nytta på anna måte, seier Gimmestad.

Å hente ut tømmeret kan difor fort bli dyrare enn det ein vil kunne få for tømmeret ved sal.

Uframkomelege områder

– Der det er store, samanhengande felt med øydeleggingar så kan utmarka nesten bli utilgjengeleg for ferdsel, både for dyr og folk, seier Gimmestad.

Skogeigarlaget har hatt stor pågang frå skogeigarar etter orkanen.

Varm telefon

– Vi har hatt god aktivitet på telefonen, desse dagane på nyåret, seier han.

No oppmodar dei folk som treng hjelp til å ta kontakt.

– Det er veldig viktig at dei som vil levere inn tømmer melder i frå før dei begynner å hogge, slik at vi får sett av eit volum som vi kan selje vidare, forklarar Gimmestad.