Hopp til innhold

Travel natt for politiet - fleire rusa mindreårige måtte få hjelp

I heile fylket har politiet fått meldingar om bråk og mindreårige som har vore overstadig rusa. Fleire kan vente seg eit oppgjer med politiet.

Politi

MYKJE BRÅK: Politiet måtte trå til fleire stader i fylket i natt.

Foto: Kari Løberg Skår / NRK

Mest arbeid hadde politiet i Gloppen. Der kom ein fest med mellom 500 – 600 ungdommar ut av kontroll.

– Det var eit slags valentinsarrangement har vi fått opplyst, men vi veit ikkje kven som har arrangert festen, seier Holme.

Dei fleste som var på festen var mellom 16 og 18 år. Ein måtte få hjelp av ambulanse ettersom han var overstadig rusa, og måtte ha tilsyn av helsepersonell. 10 personar måtte finne seg i å forlate staden.

– Det blir også oppretta sak mot ein gut som ikkje ville fjerne seg frå staden og som slo ein politimann i ansiktet, fortel Holme.

Guten hadde vore i slagsmål og fekk beskjed om å fjerne seg frå festen, men det ville han altså ikkje. Han vart henta av foreldra.

Utagerande og rusa folk skapa trøbbel

Allereie før midnatt fekk politiet sitt første oppdrag. Ein mann i 20-åra køyrde utfor vegen i Dale sentrum.

– Han er sikta for køyring i rusa tilstand, og vart fråteken førarkortet, seier operasjonsleiar hjå politiet, Olaug Holme.

Etter midnatt var det politiet i Sogndal som først måtte trå til, etter at dei fekk melding om ei overstadig rusa jente i sentrum. Jenta vart teken hand om av vener på staden. Ei anna jente vart meldt for å ha nekta å opplyse om personalia til politiet.

Klokka 01:20 laga ein mann i Førde kvalme på ein utestad. Han hadde vore utagerande overfor ein kvinneleg gjest, og nekta å gå frå staden. Då politiet kom til staden var det roleg, men ein annan mann måtte finne seg i å forlate staden.

Samstundes var det ei rusa mindreårig jente i Førde som var utagerande. Ho vart teken med til lege og sett i arrest fram til ho har blitt edru. Ho nekte å fortelje politiet kven ho var, og blir dermed meldt for det.

Når klokka så nærma seg 03 fann ein mann i 20-åra ut at han skulle stele ein sykkel ved Sunnfjord Folkehøgskule. Han hadde fjerne eit hjul frå ein damesykkel, men politiet fann igjen hjulet inne i bilen mannen sat i. Mannen var rusa og erkjende forholdet.