Hopp til innhold

– Eg har vore heldig, seier Erlend Apneseth etter å ha fått sin tredje pris

I går kveld fekk jølstringen Erlend Apneseth Sparebanken Vest sitt musikarstipend under opningskonserten på Førdefestivalen.

Prisvinnar Erlend Apneseth spelar under opningskonserten på Førdefestivalen.

VIDEO: Erlend Apneseth fekk overrekt prisen av konserndirektør Siren Sundland i Sparebanken Vest. Her kan du sjå og høyre han spele under opningskonserten på Førdefestivalen.

Stipendet er på kr 30 000 kroner, og ei av grunngjevingane var at 24-åringen har markert seg som ein av dei beste folkemusikarane i landet, at han torer å gå eigne vegar og å tenkje nytt.

Prisen kom som ei overrasking på Apneseth.

– Eg hadde ikkje aning om det, det var heilt fantastisk.


– Har vore heldig

Og dette er ikkje den første prisen han får. Erlend Apneseth vart i 2012 tildelt Grappas debutantpris, og vil seinare i år bli tildelt Øivind Berghs minnepris. Og det å få slike prisar set han pris på.

– Eg har vore heldig, det er mange som har lyst å satse på meg og det eg driv med. Når slikt skjer er det ein stor inspirasjon og ei stadfesting på at eg må halde fram med det eg gjer.


– Kva trur du er grunnen til at folk får augene opp for musikken din?


– Eg har kanskje funne mi eiga stemme, den er langt frå ferdig enno, men eg har kanskje funne eit uttrykk som gjer at folk kan seie at dette er meg når dei høyrer på.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erlend Apneseth

TAKKNEMLEG: Erlend Apneseth blir inspirert av at folk set pris på han.

Foto: Eli Eikenæs Vengen / NRK

– Ikkje grunn til å ta av

– Du høyrest litt beskjeden ut, er det slik at du ikkje heilt skjønnar at du no opplever suksess?


– Neidå, men det er ikkje grunn til å ta heilt av, eg er veldig glad, men eg jobbar for å lage god musikk og er frykteleg inspirert og takknemleg for tida.


Stipendet er på kr 30.000 kroner og vart overrekt Apneseth av konserndirektør Siren Sundland i Sparebanken Vest.

Erlend Apneseth e r elitespelemann frå 2012, og gav same året ut plata «Jølster 2012» saman med Sigmund Eikås, Synnøve Bjørset og Gro Marie Svidal. Plata vart nominert til Folkelarmprisen. I 2013 kom debutalbumet hans som soloartist, «Blikkspor», som fekk strålande kritikkar.

SJÅ OG HØYR ERLEND SPELE (Foto: Eli Eikenæs Vengen):

Torsdag kveld fekk jølstringen Erlend Apneseth Sparebanken Vest sitt musikarstipend under opningskonserten for Førdefestivalen.