Hopp til innhold

Munnhoggeri i retten

Mora til den hovudtiltalte i den største narkosaka i fylket skuldar lensmann Vebjørn Moa i Eid for grovt brot på tenestelova.

Dommaren måtte gripe inn i munnhoggeri mellom forsvarar og aktor i retten i dag.

Mora til den hovudtiltalte seier at ho sat fleire timar i avhøyr med ein kvinneleg politibetjent - ikkje lensmann Vebjørn Moa som har underteikna avhøyret.

Ho meiner lensmannen oppførte seg delvis truande overfor ho. Han bad henne skunde seg å bli ferdig og såg heile tida på klokka.

- Følte eg måtte skrive under

Aktor peika på at signaturen hennar står på refereratet frå avhøyret. Mora forklarte då at ho følte ho måtte skrive under. Ho viste til at ho prøvde å lese gjennom dokumentet men at betjenten då sa "nei sjå, no stoler ho ikkje på oss, ho må lese det."

Då følte ho at ho måtte skrive under.

Forsvarar Stein E Ottesen lurte på korleis ho reagerte då ho såg referatet svarte mora at ho vart drit forbanna.

- Eg har vore sint sidan, sa ho.

Dommaren heva stemma

Aktor Knut Broberg spurte kvifor mora ikkje hadde teke opp dette avhøyret ho meiner ikkje hadde funne stad i tidlegare avhøyr. Men mora meinte ho hadde gjort det, utan at ho kunne vise til konkrete avhøyr.

- Men det er alvorlege skuldingar du kjem med her, kommenterte Broberg.

- Ja, svarte mora.

- Har du anmeldt dette?

- Nei.

- Kvifor ikkje?

Då bryt forsvarar Stein E Ottesen inn og seier han kan gjere greie for dette. Broberg ber om at vitnet skal forklare seg, men forsvararen seier han sit med dokumenta. Då hevar dommaren stemma og seier forsvararen ikkje skal svare for vitnet. Forsvararen for mora orsakar seg.

- Store konsekvensar for familien

Dommaren spurte mora om ho var forbanna på politiet.

- Ja, sa ho og forklarte at ho meinte politiet har forføld familien og at dette har gått utover heile familien.

-Men er ikkje det berettiga av politiet å følgje opp når du i dag ser kva sak det har blitt?

- Joda, men eg meiner det har gått for sterkt utover familien, forklarte mora.

Lensmannen som er skulda for å ha forfalska avhøyret skal seinare i veka vitne i saka.