Hopp til innhold

Slik vart bergensturen ei «amerikareise»

Lillian Myklemyr frå Vangsnes skulle berre til Bergen for ei MR-undersøking. Takka vere stengt Vikafjell vart det ein bergenstur langt lenger enn både planlagt og venta.

Lillian Myklemyr

SLITEN OG TRØYTT: Bergensturen vart reine amerikareisa for Lillian Myklemyr (41) frå Vangsnes.

Foto: Privat

Turen til Bergen gjekk med båt, men då Lillian Myklemyr (41) skulle heim til Vangsnes i Vik, vart det reine amerikareisa med tog, buss, bil og ferje.

Til vanleg ville kontrollen teke kring seks timar. Då ho kom heim att like over klokka 20 laurdag kveld, hadde ho vore på reis i 13,5 timar.

– Det er jo heilt latterleg at slikt skal gå an i 2014. Skal ein ut å reise, så må ein jo pakke til den store gullmedalje, fortel sambuar Audun Holen til NRK.no.

Første overrasking

La oss ta det heile frå starten av, og turen kronologisk. Myklemyr var glad og nøgd for å sleppe å ordne seg fri frå jobb då ho fekk timen laurdag klokka 1415. Men med stengt Vikafjell var den raskaste turen, som var bil til Voss og tog til Bergen, umogleg å gjennomføre.

Dermed sette ho seg på ekspressbåten i 08-tida, med ankomst Bergen 1150. Berre for å få turens første overrasking.

– Eg spurte om returen gjekk 1630 frå Bergen, slik den gjer i veka. Det gjorde den ikkje. Den gjekk samstundes som eg hadde time, og det var ikkje mogleg å få flytta timen, fortel Myklemyr og vedgår ho burde sjekka båtruta før ho reiste.

Tok buss til Sogn

Etter vel gjennomført, og ti minuttar lang, MR-undersøking vart gode råd dyre då turen skulle gå tilbake til Vik. Fjellet var framleis stengt, og båten var reist.

(Artikkelen held fram under illustrasjonen)

Reiseruta til Lillian Myklemyr

OMVEG: Lillian Myklemyr følgde båt til Bergen, men måtte ta buss på returen (raud strek). Den svarte streken viser vegen over Vikafjellet til Vinje.

Foto: Google Maps

Løysinga vart å følgje buss frå Bergen.

– Og eg som blir så bussjuk. Måtte kjøpe meg ein pakke reisesjuketablettar og fekk heldigvis sove litt på turen. Men så var det gått ras ved Voss og vi måtte vente på kolonne. Då vi kom til Sogndal gjekk det ikkje buss vidare før 2330, så far min kom å henta meg så eg nådde 2050-ferja frå Hella, fortel ho.

Dobbelt så lang tid

Etter 13,5 timar på reisefot, var ho både trøtt og sliten heime att i Vik like over klokka 21. Seinare kunne det blitt om ho ikkje nådde ferja. Den neste gjekk klokka 22.

– Saka er at, dersom fjellet hadde vore ope, så hadde eg sjølv køyrt til Voss og tatt toget derifrå, seier ho og fortel at tur retur Bergen på ein vanleg dag ville teke kring seks timar.

– Men det verste var jo at ho reiste forbi både Vinje og Voss som er ein overkommeleg køyretur for å hente, humrar sambuar Holen og i dag berre kan le av omvegen som måtte til for å komme seg heim frå ein ti minuttar lang MR-undersøking i Bergen.

La ut på Facebook

Sambuar Holen publiserte frustrasjonen sin på Facebook laurdag kveld, med eit klart krav om å få realisert planane om ein tunnel gjennom Vikafjellet.

Fjellet er den fjellovergangen som er mest stengd på Vestlandet, og ligg førebels inne i siste periode av Nasjonal Transportplan. Det vil seie oppstart i perioden 2018–2023.

– Hadde me berre hatt eit hol i fjellet! Stakkars Lillian!!! Kjem heim heilt utsliten etter ei undersøking på ti minuttar, skreiv han.

– Vikafjellstunnelen skulle vore her for lenge sidan. Eg tenkjer berre på kva påkjenning det må vere på dei som høggravide og som bur her, seier Myklemyr.

– Det er så gale

– Ein risikerer jo å reise ut, men så er fjellet stengt når ein skal tilbake. Sjølve fjellet tek ein halvtime å køyre, men omvegen blir ganske lang, legg ho til.

Etter kvart som utfordringane dukka opp laurdag, skjønte Holen fort at her var det to alternativ for den reisande sambuaren. Overnatting eller mange timar på reisefot.

– Det er så gale. Det einaste som mangla var at det gjekk kriserute i Balestrand-sektoren. Det er det ofte. Og siste ferja går klokka 2310, og då er vi isolerte om fjellet er stengt, seier Holen og avsluttar:

– Nei, det er ikkje lett å reise. Skal du ut frå Vik, så må du førebu ei reise som om du skal til syden. Det burde ikkje vere slik i 2014.