Hopp til innhold

Juni 2013: «Vikafjellstunnelen skal fram til 2015» Desember 2013: «Vi har utfordringar»

Statssekretær Bård Hoksrud vedgår at det blir krevjande å halda valløftet sitt om at Vikafjellstunnelen skal få byggjestart i 2015, slik han sa under valkampen.

Bård Hoksrud

IKKJE SÅ LETT: Statssekretær Bård Hoksrud (Frp) innrømmer at det kan bli krevjande å innfri vallovnaden om tidleg oppstart for Vikafjellstunnellen.

Foto: Sunniva Bornøy/NRK

I juni sa Hoksrud, som dåverande samferdslepolitisk talsperson i Frp, at han ville flytta byggjestart av tunnelen fram til 2015.

Eit halvt år seinare sit han med makta, men kan ikkje lenger lova å halda valløftet frå i sommar.

– Skål for ein gladdag for Vikja-bygda, for Sogne-regionen og Hordaland, sa Vik-ordførar Marta Finden Halset den historiske dagen i april.

Fekk god draghjelp

Etter femti år med vegkamp, kom Vikafjellstunnelen med i Nasjonal transportplan, med 100 millionar kroner til oppstart i perioden 2018–2023.

Men midt i jubelen varsla arbeidarpartiordførar i Vik, Marta Finden Halset, at kampen heldt fram, no for å få starta tunnelbygginga i den fyrste planperioden, altså før 2018.

Og eit par månader seinare fekk ho god draghjelp frå dei som då var opposisjon på Stortinget, Høgre og Framstegspartiet.

– Vi ønskjer å trekkje prosjektet fram, og få starta det i første periode av planperioden, og så raskt som det er mogleg å komme i gang med bygging, sa dåverande samferdslepolitisk talsperson i Frp, Bård Hoksrud, nokre dagar før Stortinget i juni skulle handsama Nasjonal transportplan.

Fullt mogleg å komme i gang 2014/2015

Den borgarlege opposisjonen på Stortinget stod samla om å flytte bygging av tunnel under Vikafjellet fram til første delen av planperioden i NTP.

– Vi håpar at det er fullt mogleg å komme i gang i 2014/2015. Då bør det kunne gå ganske raskt å fortsetje utbygginga, sa Hoksrud.

Også dåverande samferdslepolitisk talsperson i Høgre, Ingjers Schou, lova at bygginga av tunnelen gjennom Vikafjellet skulle starte før 2018.

– Dette ber bod om at ein må halde ord også etter valet, gitt at ein får eit regjeringsskifte, sa Schou, same dag.

– Då vil Vikafjellstunnelen liggje der som ein prioritet i første del av perioden, og ikkje i siste del, slik regjeringa tilrår, sa Schou.

Ligg bak der ein skulle vore

Ei ny regjering har vi fått, med nettopp Frp og Høgre. Og Hoksrud er blitt statssekretær i Samferdsledepartementet.

No vedgår han at det blir krevjande å halda lovnaden frå valkampen, som òg kom inn som ein merknad i det endelege stortingsvedtaket om Nasjonal transportplan.

– Eg må seie at vi dessverre etter første framlegget på budsjett til Nasjonal Transportplan, så ligg ein på veg over tre milliardar bak der ein burde vore, dersom ein skulle følgt opp NTP med kroner per år framover, seier Hoksrud.

Så trass i sterke lovnadar før valet, er kvardagen i ferd med å innhente politikarane som styrer løyvingane.

– Vi har nokre utfordringar med å ta att dei prosjekta som allereie ligg der. Vi har ein ambisjon om at vi skal komme raskare i gang, og byggje meir enn det som ligg i forslaget til NTP. Vikafjellstunnelen er absolutt eit prosjekt som vi er godt kjende med, og som det er stort behov for å få gjort noko med, seier Hoksrud.

Har ambisjonar

– Kjem du til å oppfylle dei løfta du kom med i juni?

– Vi håpar sjølvsagt alltid at ein skal det. Men vi veit at vi har fått nokre utfordringar fordi nokre prosjekt har hatt overskridingar, og vi ligg bak NTP-plan. Men regjeringa har ein stor ambisjon om at vi skal oppfylle den NTP som er vedteken, og det betyr også at vi ønskjer å framskunde ein del prosjekt som ligg seinare i perioden, seier Hoksrud.

Ordføraren i Vik, Marta Finden Halset, vil gjerne tru at Vikafjellsvegen framleis står høgt i kurs, sjølv om politikarane har gått frå opposisjon til regjeringsmakt.

– Eg har jo stor tillit til stortingspolitikarane våre, og eg har sjølvsagt forventning om at dei held det dei lova i valkampen, seier Vik-ordførar Marta Finden Halset.

Bad om møte - fekk nei

Hoksrud og regjeringa sine atterhald for å skunda fram oppstart av Vikafjellstunnelen har ordføraren i Vik også merka på andre måtar.

Tidlegare i haust bad Finden Halset om eit møte med den politiske leiinga i Samferdsledepartementet om framtida til tunnelen. Det fekk ho ikkje.

– Eg fekk ein e-post om at eg ikkje fekk dette møtet. Eg vart sjølvsagt skuffa, og tenkte: "Ja, ja, var det berre valflesk, dette også", seier Halset.