Hopp til innhold

Motorsyklist skadd etter kollisjon

Ein kvinneleg motorsyklist frå Italia er skadd etter ein kollisjon med personbil. Ho er no frakta til Førde sentralsjukehus.

Det var eit ektepar frå Italia som sat på motorsykkelen.

Ved Leikanger Fjordhotell på Hermansverk, køyrde paret på ein personbil bakfrå. Bilen var i ferd med å svinge av til venstre. Operasjonsleiar hjå politiet, Einar Vereide, seier at ulukka kan skjedd fordi bilen ikkje gav teikn.

Kvinna i 30-åra vart frakta til Førde sentralsjukehus, ilag med mannen sin. Ho skal ikkje vere alvorleg skadd.

Politiet etterforskar ulukka på vanleg måte.