Hopp til innhold

Mann ligg alvorleg skadd på Haukeland

Ein mannleg motorsyklist vart alvorleg skadd då han køyrde av vegen og trefte ei busskur på fylkesveg 57 i Hyllestad torsdag ettermiddag.

hyllestad

Ulukka skjedde i 16-tida ved Øveråshøgda like sør for Markhusvatnet i Hyllestad.

Mannen vart flydd til Haukeland sjukehus med luftambulanse.

Stoppa i ur

I ei pressemelding klokka 20.30 skriv Haukeland sjukehus at mannen på 50 år er alvorleg skadd.

Det er ukjent kvifor han køyrde av vegen og trefte busskuret, som står i ein sving. Føraren vart liggjande igjen ved skuret, medan motorsykkelen stogga i ei ur 10-15 meter unna.

Kan ikkje seie noko om årsaka

Torsdag kveld rundt klokka 20 opplyser politiet at det var vitne til ulukka.

– Vedkommande skal ha vore i eit turfølgje som var på veg sørover. Politiet har snakka med eit vitne, seier operasjonsleiar Per Rimmen.

Det er førebels for tidleg å seie noko om årsaka til ulukka, seier Rimmen.

– Men det skjedde like etter ei ferist. Vegen var tørr og fin, seier han.

Ei ulukkesgruppe er venta til staden rundt 20.30 i kveld.

– Dei skal gjere undersøkingar og målingar. Det blir eit puslespel for å finne årsaka, seier Rimmen.