Hopp til innhold

Møte om ferjeproblem

Eid og Gloppen fekk i dag lovnader frå Statens vegvesen om at dei skal betre reservekapasiteten for ferjer. Bakgrunnen for møtet er dei mange problema på sambandet Anda–Lote. Ordførar Alfred Bjørlo i Eid fekk ikkje gjennomslag for at MF Lote skulle settast inn igjen på sambandet, men seier etter møtet at han er nøgd med vegvesenet jobbar for å betre reservekapasiteten.