Fosshaugane Campus. (Illustrasjon: Ole A. Krogness for Arkitektkontoret 4B)
Varaordfører Tor Bremer. (Foto: Arild Nybø, NRK)
Fylkesvaraordførar Tor Bremer seier dei vil ha ei orientering frå selskapet før dei fattar det endelege vedtaket om å gje eit tilskot på 15 millionar kroner.
- Når ein nyttar anbod får ein den rette kvaliteten til rett pris, meiner Bremer.
Vart ikkje orientert
Fylkesutvalet har bestemt å bruka 15 millionar kroner på første byggjesteg i Fosshaugane Campus. I tillegg låner Sogndal kommune 15 millionar, og Luster 10 millionar kroner til SIL- tribuna. Størstedelen av prosjektet vert lånefinansiert av Sparebanken Sogn og Fjordane.
Bremer seier til Sogn Avis at det er viktig å få til eit møte raskt. Han opplyser at fylkeskommunen ikkje vart orientert om at Veidekke, der tidlegare styremedlem i Sil- tribuna, Arild Hopen er økonomisjef, kom til å få oppdraget, utan å lysa det ut på anbod.
Prinsipielt viktig
Yngve Hallén er dagleg leiar i SIL-Tribuna AS. (Foto: NRK)
Dagleg leiar i SIL- tribuna AS, Yngve Hallèn, seier det er heilt uproblematisk at Fylkeskommunen ber om eit møte. Han fryktar ikkje at manglande anbodsutlysing får konskevensar når tilskotet på 15 millionar kroner skal handsamanst i fylkestinget neste veke.
Bremer seier det ikkje er noko som tyder på at fylkestinget vil gjera eit anna vedtak enn fylkesutvalet. Men det er prinsippielt viktig for fylkeskommunen at prosjekt dei bidreg til følgjer offentlege anbodsreglar.