Hopp til innhold

Rik molteblomstring i fjellet - men det treng ikkje bli godt molteår for det

I mange fjellområde har det lyst kvitt av molteblomster no på førsommaren. Men det er slett ikkje sikkert det blir eit godt molteår for det.

Molteblomster

GOD BLOMSTRING: Slik ser det ut i mange fjellområde. Men det er ikkje sikkert det blir mykje molter for det.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Einar Fortun

Fjelloppsynsmann Einar Fortun

Foto: Privat

Fjelloppsynsmann Einar Fortun i Luster er mellom dei som held eit vake auge med utviklinga av fjellets gull, og han er litt skeptisk med tanke på moltehausten i høgfjellet.

– Vi har hatt litt kulde, særleg i høgfjellet i det siste, og det kan føre til at det ikkje knyter seg, at det ikkje dannar seg kart. Eg vil vente ei veke eller to før eg kan seie noko sikkert, for då skal dei ha knytt seg.

– Men sjansen for eit godt molteår er nok størst i lågare fjellområde.

Og Fortun trur det kan sjå ut som molteplukkarane kan ta turen til fjells tidlegare enn normalt.

– Korleis har blomstringa vore der du har gått?

– Den har vore god, og det lovar i og for seg godt. Men det kan bli lite molte likevel, det er no framover det er avgjerande.

(Artikkelen held fram under biletet)

Molteblomst

KVITE BLOMSTER: Skilnaden mellom hann- og hoblomster ligg inne i det gule i midten.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Redd det har vore for tørt

Fortun er og redd for at det kan ha vore litt for tørt i fjellet.

– På myrar med bra med fukt går det greitt, men på tørrare område kan mangelen på nedbør spele inn.

Og dei som har vore på leiting etter molter nokre år kan skrive under på at det kan variere mykje. Der du fann rikeleg eitt år kan det vere heilt tomt det neste, og omvendt.

Når Fortun blir beden om å nemne eit godt molteår nøler han ikkje lenge med å utrope fjoråret til det beste på lang tid.

(Artikkelen held fram under biletet)

Molte

RESULTATET: Slik ser ei moden molte ut.

Foto: Britt Kari Almenningen

– Helst ikkje kraftig regn

Kåre Rapp er pensjonert molteforskar. Han seier det er mykje som spelar inn for at det skal bli eit godt molteår, sjølv om det ser fint ut under blomstringa.

– Det er avhengig av insektaktivitet og vêrtilhøve. Dersom det er stabilt vêr og godt med insekt vil moltene knyte seg. Det bør helst ikkje kome kraftige regnskyll.

– Her på Vestlandet har det vore lite regn i det siste. Kan det bli for tørt?

– Litt regn treng moltene, men eg trur ikkje det er for tørt. Eg har sjølv vore i Trøndelag i det siste. Der såg det bra ut med knytinga, og slik vêret har vore på Vestlandet i det siste, burde det vere vel så gode vilkår der.