NRK Meny
Normal

Sist Arne var på konsert sprakk hovudpulsåra – i dag var han på Moldestad-konsert som pasient

Sist Arne Aasen Hauge var på konsert sprakk hovudpulsåra. I dag var han på konsert med Sigrid Moldestad under opninga av den nye helikopterhangaren ved Førde sentralsjukehus.

Arne Aasen Hauge

KJEKT: Arne Aasen Hauge sette pris på konserten som Sigrid Moldestad heldt for pasientane ved Førde sentralsjukehus.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Ja, vi får håpe det går betre denne gongen, ler Hauge, som er frå Jostedalen.

10. august var han på fjellgarden Fuglesteg i Luster i høve ein konsert med Gamlebanken Spelemannslag.

Høgt oppe i dalsida over Fortun i Luster ligg den gamle fjellgarden Fuglesteg. Dit kjem du berre til fots. Den vanlegaste vegen er stien som startar i Fortun og let deg sveitte godt i ein til halvannan time til du når garden på 630 m.o.h.

Om det var den harde turen opp som førte til at hovudpulsåra til hjarta sprakk, skal vi ikkje spekulere i.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sigrid Moldestad spelte i hangaren

SPESIELT: Sigrid Moldestad likte seg godt på scena i helikopterhangaren.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Kjende at noko var gale

Men vel heime i Jostedalen etter enda konsert, kjende Hauge at noko ikkje var som det skulle.

– Eg hadde nett stoppa bilen då eg kjende noko med hjarta. Eg skjønte det var noko alvorleg, så eg ringde 113. Etter det bar det rett til Haukeland, seier Hauge.

For å gjere ei lang historie kort, vart han operert og har vore rekonvalesent sidan. Fredag vart han send til Førde sentralsjukehus, og i dag fekk han høvet til å sjå og høyre Sigrid Moldestad då den nye helikopterhangaren vart innvigd.

– Det passar meg heilt supert. Eg likar Moldestad godt og har vore på to konsertar med henne før. Gamaldans og folkemusikk er flott, seier Hauge.

(Artikkelen held fram under videoen)

Sjå eit lite glimt frå konserten! Denne songen har Sigrid skrive til sin far.

SMAKEBIT: Her kan du få ein liten smakebit av konserten til Sigrid Moldestad. Foto/redigering: Heidi Lise Bakke

Vart trilla ut i sjukesengene

Han tykkjer det er gjævt at pasientar og pårørande i dag fekk komme på konsert i hangaren. Dei som ikkje klarte å gå ved eiga hjelp, vart trilla ut i sjukesengene.
Nokon vart trilla i rullestol, medan dei som var friske nok, gjekk for eiga hjelp.

– Det er veldig positivt. Og så er det ekstra kjekt at det er musikk som høyrer til i fylket vårt, seier Hauge.

Helikopterhangaren fall godt i smak som konsertarena.

– Det blir ei eiga stemning når ein har det i eit slikt lokale, seier Hauge.

Etter fleire veker på sjukehus let han vel over servicen han har fått.

– Ein er jo ikkje frisk når ein er på sjukehus, så litt plager har ein jo. Men servicen går det ikkje an å klage på, seier Hauge.

Mellom 60 og 70 pasientar fann vegen til konserten saman med Hauge.

(Artikkelen held fram under biletet)

Moldestad spelte i helikopterhangaren

KOSA SEG: Pasientane sette pris på å få høyra Sigrid Moldestad.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Gav konserten ein ekstra dimensjon

Sigrid Moldestad var godt nøgd med både publikum og akustikk etter pasientkonserten. Men ho legg ikkje skjul på at det var ein spesiell konsert.

– Det er veldig spesielt og litt sterkt. Ein veit ikkje heilt kva folk er på sjukehus for, og det tenkte eg ein del på før eg gjekk på scena i dag, seier Moldestad.

Ho tok eit medvite val på kva songar ho valde å spele.

– Det blir ein ekstra dimensjon i det. Du ser at folk sit med mange individuelle historier, seier Moldestad, og legg til at viss musikken hennar kan lyse opp kvardagen for nokon som treng det, så er det ingenting som er betre enn det.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyrde konsert frå senga

TRILLA UT: Dei pasientane som ikkje kunne gå for eiga hjelp vart anten trilla ut i sjukesenga eller trilla i rullestol.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Spelte for første gong i ein hangar

– Viss ein kan glede nokon som er i ein situasjon der dei treng det meir, så gjer eg det med stor glede. Det er jo difor ein driv på med dette, seier Moldestad.

Trass i at ho har spelt mange stadar, var det første gong i ein helikopterhangar.

– Det har eg aldri gjort før. Det er mykje lyd her inne og høgt under taket, seier Moldestad.

Ho gler seg til neste konsert i kveld der ho skal spele for vel 850 sjukehustilsette, når dei som jobbar på sjukehuset

– Eg trur det blir veldig kjekt, seier Moldestad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.