Hopp til innhold

Møklekkasje tok liv i elva

– Trist og tragisk, seier sambuarparet som oppdaga lekkasjen som har teke livet av aure og ål i elva. Bonden seier det ikkje var store mengder, men beklagar lekkasjen.

Lekkasje møk Stadlandet

MYKJE DØD FISK: Brede Berglund og sambuaren Elisabeth Eftevand seier dei måtte dra enkelte fiskar ut av møka der berre halen til fisken var synleg. På tvers av auren på bilete ligg ein ål.

Foto: Elisabeth Eftevand

Då Elisabeth Eftevand var på tur med hunden langs den vanlege ruta rundt bygda Drage på Stadlandet tysdag, merka ho noko merkeleg ved ei lita elv nede ved sjøen.

– Det lukta veldig rart. Då eg kom nærare såg eg at det var fullt av møk som rant ut i havet. Det var mykje møk og skum langs heile elva oppover.

For ho tok straks turen oppover elva, for å finne ut kva som hadde skjedd. Ifølgje sambuarparet er det ikkje første gangen det lek møk frå bonden sitt område.

Dei seier at det ved eit tidlegare høve har leke frå ein kum i nærleiken av elva. Denne gongen oppstod lekkasjen frå ein leidning frå kummen som gjekk over til eit jorde på andre sida, der møka skulle spreiast.

– Denne gongen var det mykje meir møk og skum som kom ut. Leidningen har sprekt, så møkka berre spruta utover og ned i bekken, seier Eftevand.

Lekkasje møk Stadlandet

SYNLEG: Berglund seier brunt vatn og skum frå møka er synleg heile vegen frå lekkasjen og ned til der elva renn ut i havet.

Foto: Elisabeth Eftevand

Død fisk og ål

Både Elisabeth Eftevand og sambuaren Brede Berglund går mange turar i området.

– Eg vart litt oppskaka. Eg synest det er så trist, sa Eftevand tysdag kveld.

Død ål Stadlandet

DØD ÅL: No ventar dei på svar på kva art det er.

Foto: Elisabeth Eftevand

Onsdag var dei ute langs elva for å undersøke skadane.

– Vi fann ein god del død fisk, først fisk på 2–3 centimeter, men etter kvart opp i 25 centimeter. I tillegg fann vi ein ål, som vi har kontakta Fylkesmannen si miljøvernavdeling for å artsbestemme. Eg berre håpar det ikkje er den totalfreda ålen, seier Berglund.

– Det er tragisk at slike ting skal skje. Det er tragisk og trist at det kom så mykje møk at livet i elva dør, legg han til.

Død fisk stadlandet

MØK: Desse daude aurane har synlege spor frå møka som har teke livet av dei.

Foto: Elisabeth Eftevand

Politiet: – Brannvesenet skal sjå på det

Sambuarparet har teke kontakt med politiet om lekkasjen. Lensmann i Selje kommune, Kjetil Drange, har vidare teke kontakt med Alarmsentralen i Sogn og Fjordane om saka.

– Brannvesenet i Selje er rette styresmakt for akutt forureining. No er det opp til kommunen om dei vil opprette sak, eller forfølgje dette på annan måte.

– Kva er moglegheitene vidare i saka?

– Kommunen kan kome med føringar til mannen. Dei kan også kome med politimelding til oss for vidare etterforsking. Kven som helst andre kan også politimelde saka, og då blir det opp til politiet å vurdere saka, seier Drange.

Når NRK snakka med vakthavande i brannvesenet i Selje onsdag ettermiddag var han på veg ut for å sjå på lekkasjen og elva.

Lekkasje møk Stadlandet

SKAL UNDERSØKE: Brannvesenet i Selje er ute og ser på området der det lak møk måndag.

Foto: Elisabeth Eftevand

Bonden: – Beklageleg

Bonden som er ansvarleg for lekkasjen seier det kom frå ei lita rift i leidningen.

– Det er svært beklageleg, og eg vart svært frustrert då eg oppdaga det. Eg ringde og varsla kommunen fem minutt etterpå. Det var ikkje mykje som kom ut, det er ikkje store mengder. Det er ei lita elv og likevel er det vekke i dag, seier han.

Utover det ønskjer ikkje bonden å seie meir.

– Eg betalte ei klekkeleg bot for førre lekkasje. Eg vil ikkje kommentere denne saka meir i media. Eg vil ta det som kjem med politi, brannvesen og dei som har med det å gjere.