Hopp til innhold

Møka samla seg på plenen

Plenen framfor Mundal hotell er full av møk etter at 800.000 liter gylle rann ut då en gjødselsilo kollapsa.

Gjødsel framfor Mundal Hotell
Foto: Hege Holm NRK

Janne Skeie Olsen er personalansvarleg ved hotellet, og seier det var kjedeleg at dette skulle skje rett før sesongopninga.

- Du ser ein sti av møk som har runne heilt ut i fjorden, og den er veldig brun. Du ser kor den har gått frå siloen som har ramla saman, litt slik som domino, og ned forbi kyrkjegarden. Det er litt spesiell lukt og spesielt i heile Fjærland i dag.

- Luktar verre inne enn ute

Janne Skeie Olsen

Janne Skeie Olsen

Olsen seiar at møka har funne seg ein sti, og at den ikkje dekker heile Fjærland.

- Det er mest på marka der oppe og plenen framfor hotellet det har lagt seg mykje. Elles er det spylt vekk av brannmannskapet. Det er fjorden og litt plenar det har gått verst ut over.

- Det må vel lukte ille når 800.000 gylle har runne ut ?

- Det er faktisk verst lukke inne. Inne heng det att, medan ute blir det spreidd. Så det blir mykje lufting her i Fjærland i dag.

Sesongopning på trappene

Hotellet opnar for sesongen i morgon, og no står det mykje oppryddingsarbeid igjen.

- Plenen er vel det som er verst, og sjølvsagt på garden der oppe. Men eg fekk nettopp telefon frå skulen, og mellomtrinnet vil hjelpe til, og det er kjempeflott.

- På sjølve hotellet er det ikkje så mykje meir å gjere enn å lufte ut. Men på plenen må vi vel spa vekk. Det er trist at dette skal skje rett før opninga av hotellet for sommaren. Men det er slikt som skjer, og då må vi berre gjere det beste ut av det.

- Får de det reint til opninga ?

- Å få plenen i orden vil ta litt tid, men hotellet skal stå klart til opninga.

Opprydding av møk framfor Mundal Hotell

Opprydding av møk framfor Mundal Hotell

Foto: Torje Bjellaas / NRK