Hopp til innhold

Mohannad venta fire timar på spekkhoggarane

– Dette var ei stor oppleving, eg kan nesten ikkje beskrive det, seier Mohannad Galal.

Spekkhoggarane vitja Høyanger. Til hobbyfotografens store glede.

SJÅ VIDEO: Spekkhoggarane vitja Høyanger. Til hobbyfotograf Mohannad Galal si store glede.

32-åringen er asylsøkjar frå Egypt. Det siste halve året har han budd på mottaket i Høyanger.

Fotografering er hans store hobby og lidenskap og mykje av tida går med til å ferdast i fjellet, langs fjorden og i skogen for å ta bilete.

Mohannad Galal

HOBBY: Mohannad Galal har ein stor lidenskap for foto.

Foto: Privat

Då han laurdag høyrde om nokon som hadde sett spekkhoggarar i Høyangerfjorden bestemte han seg raskt for at han også ville ha eit glimt av dei store skapningane.

Søndag tok han turen til båthamna.

– Eg venta på dei lenge. Frå klokka 12 til klokka 16, men eg er tolmodig, fortel han.

Og tolmodet lønna seg. Plutseleg kom ein liten flokk innover mot brygga. Galal gjekk sjølv langs fjorden då han såg spruten stå opp ute i vatnet.

– Då sprang eg ned til fjorden.

– Det er første gong i mitt liv eg har sett spekkhoggarar i verkelegheita. Eg har sett dei på TV og sånn før. Dette var ei stor oppleving, eg kan nesten ikkje beskrive det, seier han.

Galal seier han har høyrt at mange nordmenn ikkje har fått vere vitne til eit slikt syn og legg ikkje skjul på at han kjenner seg heldig.

Måndag har han allereie planar om å reise ned att for å sjå om han kan få eit nytt glimt av dei.

– Eg var ikkje nøgd med bileta eg fekk av dei, seier han og håpar han får ein ny sjanse.