Per Heggestad frå Veitastrond vart i fjor haust oppringd av ein ivrig seljar frå Telenordic. Heggestad trengde eit nytt mobilabonnement til kona, og takka ja til tilbodet. Men når han seinare prøvde å ringe kona fekk han berre mobilsvar. For det Telenordic ikkje hadde nemnt var at dei brukar NetCom sitt nett, som slettes ikkje har dekning i bygda.
Inkasso
Heggestad tok med ein gong kontakt og reklamerte på produktet. Men sjølv om dei selde eit ubrukeleg abonnement i Veitastrond ynskte Telenordic å ta seg betalt for produktet. Sjølv om han sa ifrå, har han ved gjenteke høve fått purringar på betaling, og det heile er no gått til inkasso.
Held fram med sal
NRK har vore i kontakt med Telenordic, men dei ynskjer ikkje å kommentere saka. I alle høve har fleire frå Veitastrond, ifølgje Heggestad, fått tilbod om Telenordic abonnement. Sjølv etter at han sa ifrå til selskapet om at der ikkje er dekning.