Hopp til innhold

Miste livet etter fiskebåtulukke

Mannen som vart funnen livlaus i sjøen etter ei fiskebåtulukke i Skarbøfjorden i Selje søndag døydde av skadane.

Ulykke Skorbøfjorden

PÅ GRUNN: Fiskebåten låg og slo mot fjøresteinane då politiet fekk melding om hendinga søndag. Ein mann vart seinare funnen i sjøen i nærleiken.

Foto: Harald S. Berge

Det stadfestar politiet måndag føremiddag.

Politiet fekk like over klokka 11 søndag melding om ein fiskebåt som låg og slo mot land vest for Selje. Ein mann vart ei tid etter funnen i sjøen i nærleiken.

Det vart iverksett livreddande tiltak, og mannen vart flogen til Haukeland universitetssjukehus med helikopter, men livet hans stod ikkje til å redde.

Politiet har i samråd med familien frigitt namnet på den omkomne. Det var den 46 år gamle Eivind Kvamme frå Selje som miste livet.

Saka blir følgd opp av Selje lensmannskontor.