Hopp til innhold

Mistar to prestestillingar

Stadig aukande folketal i Bergen gjer at Bjørgvin bispedømme kuttar i talet på prestar i Sogn.

Geir Sørebø

BLIR OFRA? Kyrkja er i pengenaud. Ei løysing kan bli å ofre stillinga til prost Geir Sørebø i Ytre Sogn, trur prosten sjølv.

Foto: Asle Veien / NRK

Mens folketalet har gått ned i Sogn, blir det kvart år fleire bergensarar. I dag soknar fleire tusen bergensarar til éin prest, mens til dømes Solund, med sin knappe 900 innbyggjarar, har eigen prest.

Har ikkje pengar

Den norske kyrkja kom dårleg ut i inneverande statsbudjsett, og når bispedømet må spare pengar, mistar Indre og Ytre Sogn eit årsverk kvar.

– Når vi ikkje når fram hos styresmaktene med å få meir midlar, har vi ikkje noko anna val enn å flytte på dei ressursane vi har, seier Magne Skjeldal, leiar i Bispedømerådet.

Dermed blir det for første gong kutta i talet på prestar.

Ytre Sogn prosti kan ryke

– Det er beklageleg. Eg trur dei fleste opplever at vi treng dei prestane vi har i lokalsamfunna våre, seier prost Geir Sørebø i Ytre Sogn.

I Ytre Sogn ser Sørebø føre seg at ein må kutte ei prestestilling der det bur færrast folk, det vil seie i Solund eller Gulen. Ei anna løysing er å kutte Sørebø si eiga stilling og løyse opp heile Ytre Sogn prosti som i dag har sitt sete i Lavik.

– Det er klart at stillinga mi truleg er i søkjelyset. Ein ser nok at Ytre Sogn prosti kan løysast opp i bitar som kan leggjast til andre prosti som Sunnfjord, Indre Sogn og Nordhordland, seier Sørebø.