Hopp til innhold

Mistanke om salmonella i Nordfjord-burger

Nordfjord Kjøtt trekkjer tilbake King Size Grillburger på grunn av mistanke om salmonella.

Nordfjord Kjøtt i Loen

PRODUSERER FOR REMA 1000: Nordfjord Kjøtt sitt fabrikkanlegg i Loen i Stryn. Verksemda er storleverandør til Rema 1000-butikkar over heile landet.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Nordfjord-burger

TREKT TILBAKE: Det er denne vara, Nordfjord Kjøtt King Size Grillburger, som no mellombels blir trekt frå marknaden.

Foto: Pressefoto, Rema 1000

– Det gjeld King Size Grillburger produsert måndag 27. april 2015 med siste forbruksdag 12. mai 2015, opplyser kvalitetssjef Randi Støyva i Nordfjord Kjøtt.

Ho seier det vart gjort funn onsdag kveld på det som kan vere salmonellabakterie.

Vi har brukt kvelden i går og føremiddagen i dag på å undersøke rundt om på våre lager, på distribusjonssentralar og ute i butikkane. Ut frå dette fann vi det tryggast å sende ut ei pressemelding og kalle tilbake.

Støyva strekar under at det enno ikkje er stadfesta at burgarane faktisk inneheld salmonella.

– Vi har ikkje fått det stadfesta, men valde altså å gjere dette.