Hopp til innhold

Mistanke om promille etter rundvelt

Ein mann i 60-åra er køyrd til sjukehus i Førde etter ei utforkøyring på fylkesveg 542 mellom Eikefjord og Stavang.

Trafikkulukke ved Sunnarvik i Eikefjord

STORE SKADER: Personbilen fekk store materielle skader etter utforkøyringa.

Foto: Odd Asle Endestad/Eikefjord.net

Politiet melde like før klokka 19 om ei trafikkulukke ved Sunnarvik, mellom Eikefjord og Stavang, i Flora kommune. Alle naudetatane vart sende til staden.

Det var ein personbil som køyrde av vegen og rulla rundt før den landa på hjula. Føraren, ein mann i 60-åra, vart køyrd til sentralsjukehuset i Førde med ambulanse, men skadeomfanget er ikkje kjent.

Operasjonsleiar Espen Gulliksen ved politiet sin operasjonssentral seier til NRK.no at det er mistanke om promillekøyring.

Gulliksen sa til NRK.no klokka 19 at føraren av bilen var bevisst og tilsnakkande.

Operasjonsleiaren kunne torsdag kveld ikkje seie noko om årsaka til ulukka, men seier Flora politistasjon vil etterforske saka vidare for å finne ut av dette. Ingen andre køyretøy eller personar var involverte i hendinga.

Bilen fekk store materielle skader etter utforkøyringa, og bilberging måtte tilkallast for å fjerne den. Vegen var ein periode stengd på grunn av ulukka.