Bil mista bremsene - flaug 17 meter

Ei 72 år gammal kvinne er lettare skadd etter at bilen ho køyrde, mista bremsene og flaug nærare 17 meter før han stoppa i ei snøfonn.

Ulykke Rørvikfjellet

I LAUSE LUFTA: Bilen med den 72-årige kvinna i, flaug langt inn i ei snøfonn etter at bremsene svikta på veg ned Rørvikfjellet.

Foto: NRK-tipsar

– Det som er sagt er at bilen har mista bremsene, men vi kjenner ikkje detaljane i dette før saka er etterforska og bilen har gjennomgått tekniske undersøkingar, seier operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Svein Rød.

Skjedde i andre svingen

Kvinna kom køyrande på fylkesveg 13 over Rørvikfjellet i retning Holsen, då ulykka skal ha skjedd.

– Bilen skal ha floge i lufta før han landa i ei snøfonn, men kor langt bilen for, veit eg ikkje. Ulykka skjedde i andre svingen på nedtur mot vest, seier Rød.

Han stadfestar at bilen er teken inn for tekniske undersøkingar.

Har floge langt

Førde Bilberging kom for å berge bilen, og bergingsmannen såg raskt at bilen hadde hatt ei luftig ferd før han landa i snøfonna.

– Vår mann på staden fortel at bilen truleg har floge 17 meter gjennom lufta før han landa. Det må ha vore ei svært skremmande oppleving, seier dagleg leiar i Førde Bilberging, Arild Tistel.

Kvinna vart send til Førde sentralsjukehus med ambulanse for legesjekk.

I 21.30-tida får NRK.no opplyst at kvinna er lettare skadd og overført til vanleg avdeling.

NRK anbefaler

"Vision of the fjords" seglar endeleg i rute på Nærøyfjorden.
Barn som lager mat. Naturbilder fra Hopland og Randabygd. Barn som forklarer hvordan arbeidet på kaféen er. Barn som serverer mat. Uteservering med utsikt.
Konkurransetilsynet nekta i dag Sogn og Fjordane fylkeskommune å selja selskapet til Torghatten, fordi det nye selskapet ville blitt for stort og fått for mykje makt.