NRK Meny
Normal

Minifylket har flest redningsaksjonar i landet

På berre fem år har talet redningsoppdrag dobla seg for hjelpekorpsa i Sogn og Fjordane. Leiaren til dei frivillige hyllar innsatsen deira.

Leiteaksjon i Aurland 20.09.15

LEITEAKSJON: I denne leiteaksjonen i Aurland i september rykte store mannskap ut for å berge ein turgåar. Han vart redda etter ei dramatisk natt i fjellet.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

– Eg trur auken er prisen vi betalar for å bu i eit fantastisk flott fylke, seier distriktsrådsleiar for hjelpekorpsa, Stian Torvanger Antonsen.

Ingen hjelpekorps i landet har fleire oppdrag enn dei om lag 500 frivillige i Sogn og Fjordane. 84 gonger i år har dei rive seg laus frå arbeidsdagen, middagen eller legging av ungar, for å hjelpe folk i naud. Heilt utan betaling.

Fleire i fjellet – fleire turistar

Bak tala skjuler det seg nokre tragiske hendingar: Alvorlege skader og dødsfall. Men dei aller fleste oppdrag har ein lukkeleg ende. Turistar er overrepresentert blant dei som treng hjelp.

– Ein god del oppdrag er hjelp til utslitne turistar, som til dømes har sett seg fast i Jotunheimen etter det mørknar, eller ikkje kjem seg vidare på grunn av dårleg ver. Då treng dei assistanse av oss, seier Antonsen.

– Er folk meir uforsiktige i dag?

– Nei, eg veit ikkje om dei er uforsiktige, men eg trur det blir fleire og fleire som brukar naturen, som hiv seg på turbølgja. Det er jo så populært å leggje ut på sosiale medium om turar og fjellturar i dag, seier han.

Funnen i live etter leiteaksjon i Aurland

LUKKELEG ENDE: Det enda lukkeleg for Magdalena Podkowinska som fekk Jakub Podkowinski heim att etter ei svært dramatisk natt i fjellet i Aurland i september.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Sosiale medium kan vere eit problem

Sosiale medium kan faktisk ofte bli eit problem, både når folk faktisk treng hjelp og når dei ikkje treng hjelp i det heile teke.

– Vi opplever at når folk først innser at dei treng hjelp så er mobiltelefonen meir eller mindre tom for straum. Då må meldingane frå redningsfolka til dei som sit fast gå per tekstmelding, seier Antonsen.

– Når folk er tomme for straum får vi ikkje kontakt. Då blir det sett i gang leiteaksjonar, legg han til.

Røde Kors oppdrag

MANGE OPPDRAG: Statistikken Røde Kors la ut fredag viser at Sogn og Fjordane sine hjelpekorps må i aksjon meir enn nokon andre i landet.

Foto: rodekors.no: skjermdump

– Blant dei beste i landet

Trass i at berre Finnmark har færre innbyggjarar enn Sogn og Fjordane, har ingen fleire oppdrag. Tala Røde Kors la ut fredag viser at hjelpekorpsa i Luster, Hafslo, Eid og Aurland har hatt flest aksjonar, alle med 12 til 15 oppdrag i år.

Antonsen og distriktsstyret har det overordna ansvaret for koordinering ved større hendingar. Han har vore leiar i 15 år, og er frå seg av godord om innsatsen dei frivillige legg ned.

– Det er ein fantastisk flott gjeng eg er tillitsvald for.

Dei siste åra har distriktsstyret fokusert på spesialisering, og det har gitt resultat, meiner Antonsen.

– Elveredningsgruppene i indre Sogn og Nordfjord er blant dei ypparste i landet. Vi fokuserer mykje på utdanning av folk til redning i krevjande terreng. Frivillige må dokumentere x-antal øvingar for å halde godkjenninga ved like. Det er strenge krav. Dette kan absolutt redde liv.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå