Hopp til innhold

Mindre jerv - færre skadar

Så langt ser jerven ut til å ha late beitedyra i fylket i fred i år. 10 år sidan sist der var like lite skadar.

Sauer i fjellet

FÅR GÅ I FRED: Så langt har sauene ikkje blitt angripne av jerv på fjellbeite.

Foto: Magnar Hellebust

– Det er første gong så lenge eg har drive med dette, seier Rein Arne Golf i Statens Naturoppsyn, SNO, til Sogn Avis.

Førebels er det ikkje nokon som har rapportert om at beitedyr er tekne av jerv i Sogn og Fjordane. Rein fortel at det er første gong sidan 2002.

Einar Fortun, som har fjelloppsyn i Luster, Sogndal og Leikanger, kan stadfeste den positive tendensen. Bøndene rapportere om færre kadaver enn før, og ingen har meldt om skdaar påført av jerv. Fortun fortel til avis at det har vore nokre skadar påført av kongeørn, og i Sogndal har det vore eit tilfelle der gaupe har skada dyr.

Framleis uvisst

– Det har vore ein særs god sommar med tanke på jerven. Det har ikkje vore så bra på mange år, seier bonde Arne Rebni Øverås i Skjolden sankelag. Han sende sjølv 1 300 dyr på beite i sommar, og seier det framleis er for tidleg å seie om året samla sett blir så bra som det ser ut til no.

Øverås meiner det er dei seks ekstraordinære uttaka av jerv tidlegare i år som gjer at det ser lyst ut. To hannar, to kvelpar og to tisper vart felt i vår for å redusere skadane på sau.

Også Hermund Mjelstad hjå Fylkesmannen kan stadfeste at jerven har halde seg unna sauene i år. – Det er ikkje kome søknader om erstatning enno, og det er ikkje meldt om jerveskader og det er mange år sidan sist, seier Mjelstad.

Fristen for å søkje erstatning er 1. november.