NRK Meny
Normal

Milliongjevaren fekk æra av å klippe snora

FØRDE (NRK): I dag var det den offisielle opninga for Hafstadparken i Førde. På den store dagen vanka det ros til mannen som var avgjerande for at den i det heile vart ein realitet.

I dag var det den offisielle opninga for Hafstadparken i Førde.

FOLKEFEST: Opninga av Hafstadparken trakk mykje folk. I sentrum stod ein gåvmild milliardær frå Bergen. Foto/redigering: Alf Vidar Snæland. Musikk: Housebox - Pollux / Urørt

Hafstadparken er eit samarbeid mellom idrettslaget og kommunen og har kosta om lag 100 millionar kroner. Det er mykje takka vere tilskot og gåver at parken har blitt ein realitet.

Milliardær Trond Mohn frå Bergen står åleine for 20 millionar kroner. Han fekk òg æra av å klippe snora på opninga. Det tykkjer ordførar Olve Grotle var på sin plass.

– Trond Mohn er ein ekte filantrop og gjev gåver over heile landet. Han tente på ideen om ein folkeidrettspark i Førde og dei midlane han kom med var faktisk ganske avgjerande for at vi fekk dette på plass, seier han.

– Nesten uforståeleg

Den nye leiaren i Førde idrettslag, Tor Starheim, er takksam for at ein person utan tilknyting til byen, har valt å opne lommeboka for prosjektet.

– Det er nesten uforståeleg. Vi var ganske imponerte då han kom med dei første ti millionane. Og då han kom med ytterlegare ti millionar vart vi nesten heilt sett ut, seier han.

Trekløver på opning av Hafstadparken

GLAD TRIO: Ordførar i Førde Olve Grotle, Trond Mohn og leiar i Førde idrettslag Tor Starheim under opninga.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Med parken og det flunkande nye klubbhuset har idrettslaget fått realisert ein draum dei har jobba med sidan tidleg på 2000-talet.

– At vi har klart det utan nesten ei krone i gjeld, det er mykje takka vere Trond Mohn, seier Starheim.

Folkefest på opningsdagen

På opningsdagen vart alle dei nye boltreplassane presenterte. Fire sandvolleyballbaner, to store fotballbaner, trimpark, rulleskibane, skatepark og sykkelbane står klare til bruk.

Dei beste BMX-utøvarane og skatarane i landet var på plass for å demonstrere sine beste triks.

Men ikkje minst vart det eit høve for folk til å gjere seg betre kjent med den nye tumleplassen.

– Eg trur det er viktig at vi har fått ein sånn park, spesielt at vi har fått samla alt på ein plass og at vi har fått eit klubbhus som idretten kan nytte, seier Haakon Kyrkjebø Nybø.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.