NRK Meny
Normal

Milliongåve til bremuseet

Bremuseet i Fjærland har fått ei gåve på 15 millionar kroner frå den kjende finansmannen Jens Ulltveit-Moe. Pengane skal brukast til å reise eit senter i tilknyting til det eksisterande museet.

Jens Ulltveit-Moe
Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Der skal det bli plass til utstillingar om klimaendringar og korleis dei kan handterast. Olav Orheim, som er styreleiar i Norsk Bremuseum, seier dei ser for seg at senteret skal bli eit internasjonalt fyrtårn for klimaformidling.

Opplevingsvandring

I nært samarbeid med fleire av dei fremste klimaforskarane i landet har Bremuseet utvikla ei opplevingsvandring der folk først lærer om dei naturlege klimaprosessane - vulkanisme, drivhusklima og istid. Deretter går dei gjennom notid inn i framtida, og eit klima som dei besøkande sjølve kan påverke. Utstillingane skal m.a. svare på spørsmål knytt til årsakene til klimaendringar, ekstremvêr, flaum og ras, kva verknader klimaendringane vil ha på vårt daglege liv, globalt og regionalt, og kva som skjer med havnivået.

- Spennande konsept

- Å handtere klimaendringane krev både innsikt og handling. Kombinasjonen av eit spennande utstillingskonsept og Bremuseet sin fokus mot unge menneske, gjorde at eg ønskte å få museet sine planar realiserte, og gjennom det skape betre klimaforståing, seier Jens Ulltveit-Moe.

Modell av tilbygget til Norsk Bremuseum

Byggjestart i september

Nybygget er, som det opphavelege Bremuseet, teikna av arkitekt Sverre Fehn, og er plassert rundt kinobygget på museet. Det nye senteret er kalkulert til 25 mill kr. Den resterande delen av finansieringa kjem dels frå eigne midlar, dels ved andre gåver og tilskot, der det største er på to millionar kroner frå Miljøverndepartementet. Byggjearbeidet startar i september i år med ferdigstilling i juni 2007.

Vegopning på Bergum i Førde kommune