Hopp til innhold

Milliardar for å sikre fjellet

Det vil koste tre milliardar kroner å redusere faren for eit stort fjellskred i Aurland.

Biletet syner ein sidebekk i Gudmedalen som har erodert fleire meter ned fjellet.
Foto: NGI

Fjellet Stampa kan rase ut og skape ei flodbølgje i Aurlandsfjorden , men ei omfattande drenering skal stabilisere fjellet.

Unikt prosjekt

Energiselskapet E-CO vil bruke tre milliardar kroner på ei kraftutbygginga i Aurland, der føremålet først og fremst er å redusere faren for skred og skadeflaum.

Ingeniørgeolog Ola Gunleiksrud i energiselskapet E-CO seier milliardutbygginga vil vere heilt unik.

- Eg kjenner ikkje til at det har blitt gjort noko tilsvarande verken i Noreg eller utlandet, seier Gunleiksrud.

Ikkje stor lønsemd

Ved å drenere elvar og bekkar, og leie vatnet gjennom tunnelar til eit nytt kraftverk, skal faren for eit stort fjellskred bli langt mindre.

- Lønsemda i prosjektet er ikkje veldig stor, seier Gunleiksrud.

- Kva er grunnen til at de då går inn i prosjektet?

- Som kraftprodusent er det eit interessant prosjekt, seier han.

Video nsps_upload_2008_11_11_11_23_41_682.jpg
Denne videoen er dessverre ikke tilgjengelig. Kontakt oss dersom du har spørsmål.

Fare for tsunami

Fjellet Stampa er truleg det største ustabile fjellpartiet som er registrert her i landet. Det er store sprekker i fjellet, og heile dalsider ser ut til å sige sakte utover . Eit skred kan i verste fall gje flodbølgjer i Aurlandsfjorden.

Prosjektleiar Bjørn Sture Rosenvold meiner drenering av fjellet vil løyse mange problem.

- I periodar med ekstremnedbør er vi er redde for rørsler i fjellmassivet. Det bør setjast i verk tiltak, for det er ikkje nok å overvake fjellet, seier Rosenvold.

Straum til 10 000

Ei kraftutbygging vil gje straum til 10 000 husstandar. Utbygginga skal hovudsakleg finansierast gjennom produksjon av straum.

Utbygginga i Aurland er nybrottsarbeid, og ingeniørane i energiselskapet E-CO har ein krevjande jobb framfor seg.

- Det er fleire utfordrande problemstillingar knytta til prosjektet, seier Ola Gunleiksrud.

- Kva slags problemstillingar då?

- Vi skal byggje inntak som skal fungere frå tidleg snøsmelting og gjennom heile året, og vi skal handtere store vassmengder, seier han.