Hopp til innhold

Ungdommen blir lytta til - skjermar miljøkoordinatorar frå kutt

LEIKANGER (NRK): Det skal kuttast i det meste innan skulane i fylket. Men miljøkoordinatorane blir skjerma.

Opplæringsutvalet i Sogn og Fjordane

SAMRØYSTES: Opplæringsutvalet var samrøystes til å verne om miljøkoordinatoren i vidaregåande skular.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Vi har vi fått innspel både frå Ungdomspolitisk utval, elevrådsleiarane og fylkestinget for ungdom at det er ei ordning som er viktig både for trivsel og gjennomføring av vidaregåande skule, seier Karianne Torvanger som sit i opplæringsutvalet for Arbeidarpartiet.

Lyttar til ungdommen

Torvanger fremja forslaget om å behalde miljøkoordinatoren på vegner av Ap og Sp. Hovudutvalet for opplæring hadde samla seg i øvste etasje på fylkeshuset for å diskutere og prioritere dei mange titals kuttutgreiingane som ligg på bordet.

Dei diskuterte i om lag ein time før dei samrøystes samla seg om kva tiltak som skal skjermast, og kva som kan kuttast i tida som kjem. Miljøkoordinatoren er eit tiltak som har vore viktig for ungdommen.

– Eg føler vi lyttar til ungdommane ofte. Men dette har vore eit så samstemt krav at dette har vore viktig. Vi skal gjennom mange tøffe kutt og då er det ekstra viktig å halde på ei ordning som fangar opp ungdom som gjerne har litt andre utfordringar.

Kan få konsekvensar seinare

Ho vil ikkje ta stilling til om vedtaket får konsekvensar for andre kutt, til dømes i skular.

– Det må vi ta stilling til seinare. Det er klart at vi må sjå på kvalitet i alle ledd vi skal gjere kutt. Per no er miljøkoordinator ei stilling vi skjermar.

Venke Nordeide er elev- og lærlingombod i fylket. Ho strålar over at ungdommen blir lytta til. For både elevråda og Fylkesting for ungdom har peikt nettopp på miljøkoordinatorane, når dei skulle nemne det som burde skjermast.

Venke Nordeide

GLAD: Venke Nordeide er fornøgd med at ungdommen vert lytta til.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det betyr veldig mykje. Ein miljøkoordinator har stillingar som er synlege på skulen og dei er på skulane. Elevane kan vere trygge på at det er ein person dei kan vende seg til dersom det er ting dei ønskjer å ta opp. I tillegg er miljøkoordinatoren viktig for læringsmiljøet, for det som skjer både i og utanfor klasserommet.