Hopp til innhold

Mette-Marit tek over for svigermor

Kronprinsesse Mette-Marit tek over etter dronning Sonja og blir Førdefestivalen sin nye, høge beskyttar.

Kronprinsesse Mette-Marit

TIL FØRDE? Følgjer Mette-Marit i dronninga sine fotspor, blir kronprinsessa truleg å sjå i Førde dei neste somrane.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Dronning Sonja på UWC i Fjaler

BERRE UWC: Dronning Sonja har dei neste åra berre eitt beskyttarskap i Sogn og Fjordane.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Dei siste fem åra har dronning Sonja vore Førde internasjonale folkemusikkfestival sin beskyttar. Ho har fleire gonger stått for den offisielle opninga av festivalen, seinast i sommar.

Dei neste fem åra blir det derimot svigerdottera si oppgåve å kaste glans over festivalen.

Slottet informerte festivalen om avgjerda i eit brev no rett før jul.

Dronninga held fram sitt beskyttaskap av United World College i Fjaler.