NRK Meny

Merkar følgjene av negativ omtale

Barnevernet i Naustdal har opplevd ein nedgang i talet førespurnader frå privatpersonar med uromeldingar. Det seier barnevernsleiar i kommunen, Monica Loen-Grov, til Bergens Tidende. Naustdal kommune fekk mykje merksemd frå barnevernskritikarar i både Norge og utlandet etter ei sak der dei flytta fem barn i ein norsk-rumensk familie vekk frå foreldra sine. – No opplever vi at færre torer å ta kontakt på eige initiativ. Dette kan i verste fall ende med at sakene blir endå meir alvorlege, seier Loen-Grov til BT.no.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå