-Har du likevel funne ut at de ikkje har informert godt nok om tunnelen, Lars Lefdal?
-Nei, dette er ein del av ein nøye planlagd opptrapping, og det kjem tre-fire nye pressemeldingar før opninga av tunnelen den 27. november. Vi kan ikkje risikere at dette skal kome overraskande på folk.
-Viss ein ikkje visste betre, så kunne ein kanskje tru at dette var eit resultat av kritikken frå turistsjefen i Hemsedal?
- På ingen måte. Dette er planlagt og sendt ut av folk på kontoret som ikkje visste om kritikken, ler vegsjefen.
Det var i Sogn Avis i går at turistsjefen i Hemsedal kritiserte vegkontoret for ikkje å ha gjort tunnelen kjent nok for folk flest. I dag svarte altså Lefdal med at folk både i Hemsedal og resten av verda har fått med seg storhendinga. Vegsjefen legg elles ut på ei lengre utanlandsreise i dag.
-Og då skal dei i alle fall få vite om opninga?
-Ja, det er eit av tema på turen.