Melding om brann
Det brenn på eit tak på eit hus i Guddalen i Fjaler kommune. Politiet melder at naudetatane er på veg til staden. Brannen skal ha oppstått etter at det kom gnistar frå bråtebrenning. Ifølge Alarmsentralen skal det også vere flammar på husveggen.