Prosjektet omfattar 8,5 kilometer ny veg, og den ferdigutbetra vegen vil stå ferdig i 2008. Prosjektet riksveg 5 Kjøsnes – Skei er føreslått fullfinansiert med 20 millionar kroner neste år.
Kjøsnesfjorden skal bli sikrare.
E39 Bergen – Ålesund med tilknytningar
Regjeringa foreslår ei statleg investeringsramme på 209 mill. kroner for 2006 for E39 mellom Bergne og Ålesund. Av det går 40 millionar til refusjonar på riksveg 5 Førde – Florø, som er ein såkalla arm til E39. Rv 5 Storebru – Knapstad mellom Førde og Florø er føreslått sluttfinansiert i 2006 med 10 mill. kroner.
Riksveg 5 er "nyopna" men får ekstraløyvingar.
E39 gjennom Romarheimsdalen får 90 millionar kroner neste år, og vil betre sambandet mellom store delar av fylket og Bergen. Det er også føreslege å løyve 49 millionar kroner til mindre investeringstiltak på strekningen mellom Bergen og Ålesund.
Stedjeberget er prioritert
Riksveg 55 Stedjeberget, mellom Sogndal og Leikanger, og riksveg 617 Måløy - Raudeberg i Vågsøy er to av dei prioriterte rassikringsprosjekta i framlegget til statsbudsjett frå Regjeringa Bondevik.
Riksveg 55 Stedjeberget, som har ei totalråme på 174 millionar kroner, vert vidareført med ei løyving på 85 millionar kroner neste år. Måløy-Raudeberg er kostnadsrekna til 102 millionar kroner, og får på 31 millionar kroner neste år.
Regjeringa legg opp til å fullfinansiere dei halvferdige utbetringsarbeida på riksveg 61 Naveosen-Møre og Romsdal grense med 13 mill. kroner neste år.
Naustbukttunnelen kjem
Forlenging av Naustbukttunnelen mellom Øvre Årdal og Årdalstangen blir omtala i budsjettet. Departementet tek sikte på å starte opp arbeidet i den neste fireårsperioden.
Rv 620 Kjødepollen vert sluttfinansiert med 5 mill. kroner i 2006. I tillegg er det sett av 22 mill. kroner til mindre investeringstiltak i fylket, går det fram av ei pressemelding frå regionvegsjefen.