Hopp til innhold

Meir hai på Vestlandet

No oppmodar Havforskingsinstituttet deg om å melde frå dersom du ser hai.

Fanga hai i Sognefjorden

Denne haien sat fast i garnet til Thomas Apalseth i Sognefjorden laurdag.

Foto: privat

– Når temperaturen stig i havet, kan haiane ein finn sørover i verda bli meir vanlege óg på Vestlandet.

Det seier seniorforskar ved Havforskingsinstituttet, Svein Arnholt Iversen.

Ein hai på 1,43 meter og 22 kilo var fangsten fiskar Thomas Apalseth fekk i garnet i Sognefjorden laurdag.

LES: – For eit gap han hadde .

Vanleg i Afrika

Fanga hai i Sognefjorden

Haien som Apalseth fekk i garnet, vog 22 kilo og var 1,43 centimeter lang.

Foto: privat

– Eg har aldri vore med på noko slikt. Det har heller ikkje svigerfaren min - som har fiska her i 60 år. Vi vart litt oppgira, sa Apalseth til NRK i helga.

Det var truleg ein gråhai eller ein glatthai dei fekk i garnet. Ein hai som vanlegvis held til i sørlegare vatn, seier Iversen.

– Desse haiane er relativt vanlege sørover langs den britiske kysten, og langs Spania og Portugal. Ein finn dei óg i Middelhavet og Svartehavet, og faktisk så langt sør som Afrika, fortel han.

Fleire artar

Men grunna temperaturendringane dei siste åra, ligg forholda til rette for haien óg i norske farvatn.

– Og ikkje berre gråhai. Vi har sett fleire sørlege artar her til lands dei siste åra, seier Iversen.

Treng hjelp

Iversen håpar no at Apalseth registrerer funnet sitt hos Havforskingsinstituttet. For saman med Universitetet i Bergen, ynskjer instituttet å følgje ubreiinga av dei sjeldne artane i Norge.

– Det er jo eigentleg publikum som kan hjelpe oss med det. Vi er jo ikkje ute heile tida og kan følgje med, så det er viktig at folk melder tilbake til oss, oppmodar han.