NRK Meny

Meir ferjetrøbbel i Nordfjord

Innbyggjarane på Husevågøy i Nordfjord må klare seg utan ferjesamband til Måløy også 1. juledag. Grunna problem med ferjekaien på øya, så er det sett inn passasjerbåt på strekninga. Rutene blir utført av redningsskøyta «Halvdan Grieg». Ifølgje Statens vegvesen vil ferjekaia tidlegast bli fiksa 2. juledag.