Meir ambulansevakt i fylket

Ambulansetenesta i Helse Førde har no personell tilstades heile døgnet på 11 av dei 21 ambulansestasjonane til Helse Førde.

Ambulanse
Foto: Eirik Haukenes / NRK

Før var stasjonane berre bemanna med folk på dagtid, resten av døgnet hadde ambulansesjåførane heimevakter.

- For pasientane betyr dette at utrykkingstida blir redusert, seier ambulansesjef Stian Sægrov i Helse Førde.

Før var stasjonane berre bemanna med folk på dagtid, resten av døgnet hadde ambulansesjåførane heimevakter.

I alt er det no personell tilstades heile døgnet på 11 av dei 21 ambulansestasjonane til Helse Førde.

Ei auke i bemannninga på 7,5 prosent i 2008 gjer det mogleg å utvide utvide vaktene på stasjonane i Gloppen, Årdal, Høyanger, Lærdal og Svelgen.